Vacancies

Norconsult Sogn og Fjordane søkjer erfaren sivilingeniør innan geoteknikk

Office location
Førde, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal, Årdalstangen
Application deadline
9/5/2022
Type
Permanent
Type
Adviser

Vil du bli ein del av eit selskap i vekst? Norconsult er Norges største og ein av dei leiande tverrfaglege rådgjevarane i Norden innan samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Vi er ein pådrivar for berekraftige og kreative løysingar når vi utviklar løysingar for framtida. Heildigitale leveransar er første valget vårt.

Fagmiljøet innan geoteknikk i Norconsult omfattar for tida 35 sivilingeniørar ved hovudkontoret vårt i Sandvika, samt omlag like mange ved dei  ulike kontora rundt om i Norge. I tillegg har vi rundt 30 geoteknikarar i Sverige og eiga feltavdeling med boreriggar og geoteknisk laboratorium i Molde. 

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med omlag 70 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Vi vil styrke geomiljøet lokalt og på Vestlandet, og søkjer deg som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i regionen.

Geo-gruppa i Region Vest tel i dag om lag 40 medarbeidarar, derav 13 sivilingeniørar innan geoteknikk. Gruppa elles er sett saman av ingeniørgeologar, geologar, miljøgeologar og hydrogeologar. I Sogn og Fjordane, har vi per i dag 2 geoteknikarar og 5 ingeniørgeologar.

Vi samarbeider tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult. Vi har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot plan og samferdsel- , bygg- og anlegg- og industrisektoren, der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt, naturfare og kommunaltekniske anlegg.

Det geotekniske miljøet i Norconsult har ein stor andel seniorar som er fremst i faget i Norge, som bidreg til erfaringsutveksling og gir oss moglegheiter til å ta på oss spennande prosjekt. Vi er stolte av arbeidskulturen vår og det sosiale miljøet. Vi trur på å dele informasjon med kvarandre og prioriterer ein «open dør»-policy for både erfarne og yngre medarbeidarar. I tillegg har vi sosiale samlingar ved kvar kontorstad fleire gonger i året, kontor- og studieturar og er generelt ein aktiv og sprek gjeng.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Som erfaren geoteknikar i Norconsult vil du vere fagansvarleg, oppdragsleiar og få moglegheiter til å vere med i team som prosjekterer og løyser de utfordringane vi til ei kvar tid har teke på oss. Du blir med i eit slagkraftig, tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og mange utfordrande og spennande oppgåver. Vi er opptekne av utvikling innan faget for alle våre tilsette og prioriterer tverrfaglege oppdrag, kompetanseutvikling og utviklingsmoglegheiter innan både fag, linje og oppdrag. Hjå oss får du fridom under ansvar og stor grad av autonomi.

Norconsult har eit sterkt miljø innanfor digitalisering og maskinlæring. Gjennom fleire store oppdrag har vi opparbeida høg kompetanse og erfaring med scripting, datavisualisering, 3D-/BIM-modellering og parametrisk programmering. Dette gir oss moglegheiter til å sjå verda på ein ny måte, og løyse problemstillingane vi står overfor på måtar som ikkje var mogleg tidlegare.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår:  https://www.norconsult.no/radgiverne/

Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/

Vi søkjer etter motivert, dyktig og erfaren sivilingeniør innan geoteknikk.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Geoteknisk planlegging, rådgjeving og prosjektering i alle prosjektfasar

  • Geoteknisk planlegging og oppfølging ved gjennomføring av felt- og laboratorieundersøkingar

  • Prosjekt- og oppdragsleiing samt fagansvar i tverrfaglege oppdrag i alle prosjektfasar

  • Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag

  • Synfaringar og oppfølging på byggjeplass

  • Samarbeid og kontakt med interne og eksterne aktørar

  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement og god fagleg forankring

  • Er kreativ, løysingsorientert med analytiske evner

  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert

  • Er fleksibel og ansvarsbevisst

  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

  • Erfaring og ferdigheiter i bruk av prosjekterings- og berekningsverktøy som AutoCad Civil 3D, Novapoint, GeoSuite og Plaxis er ein fordel

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet

  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Fleksibel arbeidstid

  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 100 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Contact

Profile picture of Arne Moen
Arne Moen
Avdelingsleder Kontor