Vacancies

Arkitekt søkes til Norconsult Hardanger

Office location
Odda
Application deadline
12/9/2022
Type
Permanent
Type
Adviser

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Kontoret nærmar seg 50 medarbeidarar, tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, bygg/konstruksjon, geo-fag, plan/GIS, vatn/avløp, landmåling, scanning, akustikk, maskin/prosess samt byggje- og prosjektleiing.

Norconsult har i dag landets desidert største arkitektmiljø, og har dyktige, dedikerte, engasjerte, prisbelønna  og hardtarbeidande arkitektar over heile landet. Hos oss ser me verdien av å jobbe i tverrfaglege prosjekt saman med våre ingeniørkollegaer - og me ser korleis dette skjerpar, betrar og effektiviserar våre prosjekt.

Hardangerkontoret har ein god blanding av medarbeidarar, både yngre fagpersonar og personar med lang og brei erfaring. Me tilbyr også spisskompetanse innanfor fleire sentrale fagfelt, og er no på jakt etter nye arkitektkollegaer. Me er i dag 5 arkitektar som jobbar innanfor alle prosjektfasar frå moglegheitsstudiar til detaljprosjektering. Distriktet vårt er i stadig utvikling og det ligg mange spanande oppdragsmoglegheiter i tida framover. Me ser fram til å jobbe med bærekraftig arkitekturprosjektering og skapa VARIG arkitektur saman med nettopp deg. Me gled oss til å få deg med på laget!  Me har arbeidsstader i Odda,  Eidfjord, Rosendal, Norheimsund og på Voss.

Me søkjer etter kreative og engasjerte sivilarkitektar med fagleg engasjement og arbeidsglede, gjerne med nokon få års erfaring.

Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vera:

  • Planlegging og prosjektering av alle typar arkitektoppdrag, frå store offentlege til mindre private bygg

  • Arkitekturprosjektering innan alle fasar frå tidlegfase og mulighetsstudier til detaljprosjektering og oppfølging på byggeplass

  • Deltagelse i og ledelse av tverrfaglige oppdrag

  • Illustrasjonar og presentasjonar

  • Byggdetaljar og spesifikasjonar

  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag

  • Kontakt/kommunikasjon med oppdragsgjevarar, både interne og eksterne

  • Markeds- og tilbodsarbeid

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Har arkitektutdanning på masternivå

  • Stort fagleg engasjement og interesse for planlegging av våre fysiske omgjevnader

  • Erfaring i bruk av digitale planleggingsverktøy (fortrinnsvis ArchiCAD) og 3D-visualisering

  • Gode samarbeidsevner både internt og eksternt

  • Er kreativ og engasjert, og vera open for eit breitt tverrfagleg samarbeid

  • Bidrar til et godt sosialt og faglig miljø

  • God evne til både skriftleg og munnleg framstilling

I tillegg er det ein fordel om du:

  • Har erfaring frå arbeid med tverrfaglege prosjekter, gjerne frå rådgjevande verksemd

  • Er markeds- og kundeorientert, med eit godt kontaktnettverk

Hos oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Aktivt fagnettverk med jevnlege samlingar

  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur

  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling

  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege arkitekt og rådgjevarbedrift

  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm

Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider Jobb og karriere - Ledige stillinger - Norconsult

I Norconsult utvikler vi morgendagens samfunn ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har en helhetlig tilnærming med utgangspunkt i lokal tilstedeværelse og tverrfaglig kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Vi er et medarbeider-eid rådgiverselskap, og våre 5 100 medarbeidere er fordelt på rundt 130 kontorer, hovedsakelig i Norden. Hvert år løser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlige kunder, innen blant annet bygg og eiendom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vann og avløp, industri, sikkerhet, miljø og IT.

Contact

Profile picture of Ivar Tveito Eidnes
Ivar Tveito Eidnes
Gruppeleder Hardanger Arkitektur