Vacancies

Norconsult i Årdal søkjer industrirådgjevar

Office location
Årdalstangen
Application deadline
9/5/2022
Type
Permanent
Type
Adviser

Industrimiljøet i Norconsult har eit godt renommé hjå fleire av dei største industriaktørane i Noreg. Vi opplever eit auka fokus på å sikre ein meir berekraftig produksjon blant kundane våre. Omstillinga av store industrianlegg kan vere både kompleks og ressurskrevjande.  Etterspurnaden på bistand og kompetanse frå oss er stor, og vi ser difor etter nye kollegaer som kan styrke det tverrfaglege teamet vårt.

Kundeporteføljen vår spenner breitt, frå prosjekt hjå godt etablerte industriverksemder til prosjekt i nye industrisegment. Stillinga gjev moglegheit for utvikling innanfor blant anna smelteverk, akvakultur, hydrogen, lagring og transport av diverse materialar, næringsmiddel og batteriproduksjon.

Vi søkjer dyktig sivilingeniør / ingeniør innan konstruksjon / maskin / prosess med gode eigenskapar innan statiske berekningar og stor interesse for mekanisk konstruksjonsarbeid. Ved avdelingskontoret vårt i Årdal er det pr. i dag 6 medarbeidarar innan maskin, prosess, bygg og konstruksjonsteknikk.

Norconsult Sogn og Fjordane er eit tverrfagleg kontor i vekst med omlag 70 tilsette,  som utfører spennande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Oppdraga vert ofte gjennomførte på kryss og tvers internt i Sogn og Fjordane, men også i andre deler av landet og i tett samarbeid med andre fagområde, kontor og avdelingar i heile Norconsult. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Norconsult er det største rådgjevarmiljøet i landet og har stort fokus på samarbeid, berekraft og effektive, innovative og digitale arbeidsprosessar. Norconsult finn løysningar gjennom samskaping og bruk av digitale verktøy, og er leiande innan gjennomføring av heldigitale og teikningslause prosjekt. Vi dekkjer alle involverte fag i oppdraga våre og kan difor sette saman komplette team av eigne medarbeidarar som kan jobbe tett saman i det daglege prosjektarbeidet.

I Norconsult får du hyggelege og dyktige kollegar, og du blir en del av eit tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og utfordrande oppgåver. Vi er gjennom våre dyktige medarbeidarar og gode system svært godt rusta til å møte det digitale skiftet, noko som gir gode utviklingsmoglegheiter i konsernet.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår:  https://www.norconsult.no/radgiverne/

Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/

Dine arbeidsoppgåver kan vere:

  • Konseptutvikling i tett samarbeid med kunde

  • Prosjektering av prosessanlegg, stålstrukturar og utstyr

  • Analysar og optimalisering av prosessar og utstyr (FEM)

  • Utarbeiding av P&ID’er, PFD’er, dataark og teknisk underlag

  • 3D-modellering

  • Oppfølging av leverandørar

  • Oppdragsleiing / prosjektleiing

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement

  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling

  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert

  • Er fleksibel og ansvarsbevisst

  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

  • Er god til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

  • Har erfaring med 3D-modellering, BIM og FEM

Hjå oss får du:

  • Faglege utfordringar med gode moglegheiter for sjølvutvikling i spennande tverrfaglege prosjekt

  • Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Delta på studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, firmahytter, mm.

  • Gode lønns- og arbeidsvilkår

  • Moglegheit til eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Fleksibel arbeidstid

  • Fri heile jule- og påskeveka

  • Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august

Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attester skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama. Søknaden må vere skriven på eit skandinavisk språk.

Ring oss gjerne for ein prat.

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 100 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Contact

Profile picture of Robert Sandvik
Robert Sandvik
Avdelingsleder Årdal