Vacancies

Rådgjevar VA

Office location
Voss
Application deadline
11/8/2020
Type
Permanent
Type
Adviser

Norconsult AS har det største rådgjevarmiljøet innan vatn og avløp i Norge med over 250 medarbeidarar. Konsernet dekkjer alle fagområde som er naudsynt for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette vatn- og avløpsanlegg, både leidningsnett, høgdebasseng og reinseanlegg. For å styrka fagmiljøet lokalt søkjer me etter rådgjevar innan VA.

Me er i dag åtte medarbeidarar på Voss innan faga akustikk, VVS, VA, arkitektur, plan og geoteknikk. Voss er ein del av eininga Hardanger og Voss med over 30 medarbeidarar på kontorplassane Odda, Eidfjord, Rosendal og Voss.

Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og prosjektere vatn- og avløpsanlegg
  • Utarbeida anbodsdokument og kostnadsoverslag
  • Oppdragsleiing
  • Deltaking i marknadsarbeid, tilbod og kundepleie

For oss er det viktig at du:

  • Har relevant bachelorgrad eller høgare
  • Har minst 3 års erfaring frå VA
  • Har interesse og engasjement for faget
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har god evne til både skriftleg og munnleg framstilling på norsk

Hjå oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Aktivt fagnettverk med jamlege samlingar
  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm

Voss:

På Voss kan du dyrka dine fritidsinteresser i blant anna to av Noreg sine største alpinanlegg eller i oppkøyrde langrennsløyper. Her kan du gå på fjellet, jakta, fiska eller driva med ekstremsport. Me har eit rikt kultur- og aktivitetstilbod med blant anna Vossajazz og Ekstremsportveko. Voss er ein god plass å bu med korte avstandar og mange gode og trygge møteplassar.

Innsending av søknad:

Ta gjerne uforpliktande kontakt med avdelingsleiar Frode Atterås tlf. 92 40 76 88. Søknad med CV, vitnemål og attester kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider.

Norconsult er Noregs største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er heileigd av våre over 4 400 medarbeidarar som er stasjonert på 113 kontor over heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Contact

Profile picture of Frode Atterås
Frode Atterås
Avdelingsleder Kontor