Vacancies

Norconsult Sogn og Fjordane søkjer erfaren ingeniørgeolog

Office location
Førde, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal, Årdalstangen
Application deadline
2/1/2021
Type
Permanent
Type
Adviser

Ingeniørgeologimiljøet i Norconsult omfattar kring 40 sivilingeniørar, dei fleste lokalisert ved hovudkontoret i Sandvika og i Trondheim. Vi vil styrke geomiljøet lokalt og på Vestlandet og søkjer deg som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i regionen. Geo-gruppa i Region Vest tel i dag 13 medarbeidarar og omfattar ingeniørgeologar, geoteknikarar og miljøgeologar. Per i dag har vi to geoteknikarar og to ingeniørgeologar i Sogndal, ein geoteknikar på Sandane.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen. Vi utfører ingeniørgeologisk prosjektering i alle planfasar, både i reine fagoppdrag og som ein del av større tverrfaglege oppdrag i Norconsult. Ingeniørgeologane i Norconsult bistår heile Norconsult i oppdrag innan plan, samferdsel, vatn og avløp, bygg og eigedom, og mot energi og vasskraft. Dei fleste av våre store prosjekt brukar BIM som plattform for informasjonsutveksling.

Vi søkjer etter motivert og dyktig sivilingeniør innan ingeniørgeologi, gjerne med erfaring frå rådgjevarbransjen, og med så mykje erfaring at du kan utføre oppgåver som nemnt nedanfor på ein sjølvstendig og god måte.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Prosjekt- og oppdragsleiing samt fagansvar i tverrfaglege oppdrag i alle prosjektfasar
  • Ingeniørgeologisk prosjektering, som til dømes sikring av tunnelar/bergrom og ras/skredsikring i tilknyting til planarbeid og anleggsdrift for offentlege og private aktørar 
  • Skredfarevurderingar og risikoanalysar for arealplanarbeid og byggeprosjekt
  • Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag
  • Synfaringar og oppfølging på byggjeplass
  • Samarbeid og kontakt med interne og eksterne aktørar
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement og god fagleg forankring
  • Er kreativ, løysingsorientert med analytiske evner
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Er innstilt på å ha heile Vestlandet som din arbeidsarena
  • Har erfaring og ferdigheiter i bruk av relevante dataverktøy

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Innsendelse av søknad:

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot  samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4400 tilsette som er stasjonert på 113 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Contact

Profile picture of Tone Myklebust Kvåle
Tone Myklebust Kvåle
Kontorleiar