Vacancies

Norconsult Sogn og Fjordane søker sivilingeniør/ingeniør VA

Office location
Førde, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal, Årdalstangen
Application deadline
6/24/2022
Type
Permanent
Type
Adviser

Norconsult er det største rådgjevarmiljøet innan vatn, avløp og overvasshandtering i Noreg. Norconsult har kompetansen som gjev sikker vassforsyning og miljøtilpassa og effektive avløps- og overvassløysingar som tek høgde for framtidige klimaendringar.

Vi dekker alle fagområde som er naudsynt for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette VA-anlegg frå idé til realisering. På landsbasis har Norconsult det største rådgjevarmiljøet innan vatn- og avløpsteknikk, med over 250 medarbeidarar. Norconsult Sogn og Fjordane har 7 dyktige VA-ingeniørar, og kontoret ønskjer å styrke VA-miljøet ytterlegare.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen. Vi har store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle prosjektfasar – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen.

Vi søkjer etter motivert og dyktig ingeniør/sivilingeniør, fortrinnsvis med noko erfaring innan VA-prosjektering, gjerne frå rådgjevarbransjen.

Hjå oss får du:

  • Faglege utfordringar med mogelegheit til å utvikle deg vidare i spanande prosjekt

  • Tverrfagleg og sterkt fagmiljø med samarbeid innan fleire ulike fag

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet

  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Fleksibel arbeidstid

  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. ​

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 100 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Contacts

Profile picture of Arne Kringlen
Arne Kringlen
Gruppeleder plan og VVA
Profile picture of Cornelis Erstad
Cornelis Erstad
Arealplanleggjar og Avdelingsleiar Plan og Anlegg