Vacancies

Norconsult Sogn og Fjordane søker sivilingeniør/ingeniør innan vatn og avløp

Office location
Førde, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal, Årdalstangen
Application deadline
9/30/2021
Type
Permanent
Type
Adviser

Norconsult er det største rådgjevarmiljøet innan vatn, avløp og overvasshandtering i Noreg. Norconsult har kompetansen som gjev sikker vassforsyning og miljøtilpassa og effektive avløps- og overvassløysingar som tek høgde for framtidige klimaendringar.

Vi dekker alle fagområde som er naudsynt for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette VA-anlegg frå idé til realisering. På landsbasis har Norconsult det største rådgjevarmiljøet innan vatn- og avløpsteknikk, med over 250 medarbeidarar. Norconsult Sogn og Fjordane har 7 dyktige VA-ingeniørar, og kontoret ønskjer å styrke VA-miljøet ytterlegare.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen. Vi har store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle prosjektfasar – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen.

Vi søkjer etter motivert og dyktig ingeniør/sivilingeniør med minimum 2 – 3 års erfaring innan VA- teknikk, gjerne frå rådgjevarbransjen. Ønskjeleg med erfaring frå prosjektering av VA-anlegg.

Vi ønskjer primært tilsetting i Sogndal, men andre kontorstader kan vere aktuelle.

Dine arbeidsoppgåver kan vere:

  • Planar for framtidsretta overvasshandtering
  • Planlegging og prosjektering av VA- og overvassanlegg i alle prosjektfasar (leidningsanlegg, basseng, pumpestasjonar, avløpsrenseanlegg, vassbehandlingsanlegg)
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av modelleringsverktøy VA, DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Oppdragsleiing i einfaglege og tverrfaglege oppdrag

For oss er det viktig at du:

  • Har utdanning på bachelor-/masternivå innan fagområdet, helst med noko arbeidserfaring
  • Har eit fagleg engasjement, gjerne med interesse for spesielle fagretningar
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har kjennskap til 3D-modellering og BIM

Hjå oss får du:

  • Faglege utfordringar med mogelegheit til å utvikle deg vidare i spanande prosjekt
  • Tverrfagleg og sterkt fagmiljø med samarbeid innan fleire ulike fag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Innsendelse av søknad:

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot  samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4600 tilsette som er stasjonert på 118 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Contact

Profile picture of Tone Myklebust Kvåle
Tone Myklebust Kvåle
Kontorleiar