Vacancies

Norconsult i Sogn og Fjordane søkjer erfaren arealplanleggjar

Office location
Førde, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal, Årdalstangen
Application deadline
2/1/2021
Type
Permanent
Type
Adviser

Norconsult er den største rådgjevaren i Noreg innanfor plan, arkitektur, landskap og samferdsel, og dekker alle fagområda som er naudsynte for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette anlegg, frå idé til realisering.

Vi har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Norconsult Sogn og Fjordane har 5 dyktige arealplanleggjarar som samarbeider tett med arkitektar, landskapsarkitektar og veg- og trafikkplanleggjarar internt og lokale arkitektar eksternt. Vi utfører ei rekke plan- og utgreiingsoppdrag for offentlege og private kundar i Sogn og Fjordane og i landet elles, saman med andre Norconsult-kontor, og ønskjer å styrke fagmiljøet vårt ytterlegare.

Vi søkjer deg som vil vere med å utvikle framtidsretta og miljøvennlege løysingar, og styrke satsinga vår på planfaglege oppgåver og tverrfaglege prosesser. Vi søkjer etter motivert og dyktig arealplanleggjar med minst 5 – 10 års erfaring, gjerne frå rådgjevarbransjen og gjerne med kjennskap til Nordfjordregionen.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Mogelegheitstudiar og konseptutvikling
  • Utarbeiding av reguleringsplanar og/eller kommunedelplanar
  • Planomtalar og konsekvensutgreiingar på ulike plannivå
  • By- og tettstadforming
  • Oppdragsleiing og tilbodsarbeid innanfor faget
  • Tverrfagleg samarbeid med andre fag
  • Bruk av BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har høgskule eller universitetsutdanning innan arealplanlegging, planarkitektur, landskap
  • Har eit fagleg engasjement og er kreativ og løysingsorientert
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har erfaring frå bruk av Focus Arealplan, AutoCad, NovaPoint, Civil 3D eller liknande, men ikkje eit krav

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Innsendelse av søknad:

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot  samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4400 tilsette som er stasjonert på 113 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Contact

Profile picture of Cornelis Erstad
Cornelis Erstad
Avdelingsleder Plan og Anlegg