Vacancies

Norconsult i Sogn og Fjordane søkjer VVS-ingeniør!

Office location
Førde, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal, Årdalstangen
Application deadline
9/30/2021
Type
Permanent
Type
Adviser

Norconsult sitt miljø innan VVS utgjer i dag omlag 400 Sivilingeniørar og ingeniørar i Noreg.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hos oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 2-3 års relevant erfaring innan VVS-faget frå rådgjevar- eller entreprenørbransje.

Medarbeidarane våre innan VVS, inneklima og kuldeteknikk utgjer det leiande fagmiljøet i regionen.

Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit VVS-miljø i vekst, med spennande arbeidsoppgåver på mindre og større prosjekt. Prosjektet Nye Førde Sjukehus er eit av prosjekta som vi i tida framover treng dyktige medarbeidarar til. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø.

Vi ønskjer primært tilsetting i Førde, men andre kontorstader i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Tidlegfaserådgjeving, prosjektering og oppfølging av VVS-tekniske anlegg i små og store oppdrag primært innan bygg og eigedom- og industrimarknaden

  • Energi og klimavurderingar

  • Berekningar, analysar, funksjonsbeskrivelsar

  • Utarbeide anbodsdokument, spesifikasjonar og kostnadsoverslag

  • Oppdrags- og prosjektleiing

  • Oppfølging på byggeplass

  • Tverrfagleg koordinering

  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar

  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement

  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling

  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert

  • Er fleksibel og ansvarsbevisst

  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet

  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Fleksibel arbeidstid

  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot  samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4600 tilsette som er stasjonert på 118 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Contact

Profile picture of Lars-Idar Vegsund
Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Kontor