Vacancies

Norconsult Hardanger og Voss treng fleire medarbeidarar - Open søknad

Office location
Eidfjord, Odda, Voss
Application deadline
8/31/2020
Type
Permanent
Type
Adviser

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spennande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Kontoret har 30 medarbeidarar tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, geoteknikk, Ingeniørgeologi og maskin/prosess.

Vi har stor pågang av nye spanande og tverrfaglege oppdrag i eit stort geografisk område. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med våre nabokontor i Region Vest og hovudkontor i Sandvika, eller med andre Norconsultkontor. Me har arbeidsstader i Odda,  Eidfjord og på Voss.

Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland.

Dette er utlysinga for deg som har kompetanse innanfor eit fagområde som ikkje naturleg fell inn under dei stillingane som er utlyste ved vårt kontor. Norconsult er alltid ute etter å utvide våre tenesteområder. Det er viktig at du grunngjev kvifor me skal satse på akkurat deg

Dine arbeidsoppgåver vil verta tilpassa din formelle kompetanse og dine personlege eigenskapar. Det er uavhengig av fag viktig at du:

  • Har interesse for prosjektering og prosjektgjennomføring
  • Har gode evner til både skriftleg og munnleg framstilling
  • Har god evne til å skape flyt, og å bygge gode team, i oppdrag
  • Er open for eit breitt tverrfagleg samarbeid
  • Har kompetanse innan relevante digitale verktøy
  • Har evner til god kommunikasjon med oppdragsgjevarar, både interne og eksterne
  • Trivest med markeds- og tilbodsarbeid
  • Er positiv og kreativ med evne til å gjera medarbeidarane rundt deg gode

Vi tilbyr

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Aktivt fagnettverk med jevnlege samlingar

  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur

  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling

  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter med mer

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no.

Norconsult er Norges største rådgiverbedrift. Våre tjenester er rettet mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eid av våre over 4 400 medarbeidere som er stasjonert på 113 kontorer i hele verden. Hovedkontoret ligger i Sandvika utenfor Oslo.

Contact

Profile picture of Endre Lægreid
Endre Lægreid
Kontorleder