Vacancies

Maskiningeniørar til Hardangerkontoret

Office location
Odda
Application deadline
8/15/2019
Type
Permanent
Type
Adviser

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø.

Me har stor pågang av tverrfaglege oppdrag i regionen. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med våre nabokontor i Region Vest og hovudkontor i Sandvika, eller med andre Norconsultkontor.

Norconsult Hardanger og Voss har 27 medarbeidarar, tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, VA/VVS, geoteknikk og ingeniørgeologi.

I lang tid har me nytta maskinkompetanse frå andre Norconsult-kontor, men har no bestemt oss for å få på plass eit slagkraftig maskiningeniør-team lokalt i Odda.

Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland.

Me søkjer etter dyktige og kreative maskiningeniørar med fagleg engasjement og stor arbeidsglede.

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Mastergrad innan maskin/materialteknologi
  • Interesse for prosjektering og prosjektgjennomføring
  • Gode evner til både skriftleg og munnleg framstilling
  • Gode evner til samspel og kommunikasjon med kundane
  • Vera open for eit breitt tverrfagleg samarbeid
  • Kjennskap til digitale verktøy (Bl.a Revit/AutoCad)
  • Vera positiv og kreativ

Hos oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spanande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Aktivt fagnettverk
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø i flotte kontorlokaler i Odda sentrum

Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no.

Norconsult er Norges største rådgiverbedrift. Våre tjenester er rettet mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eid av våre over 3 800 medarbeidere som er stasjonert på 96 kontorer i hele verden. Hovedkontoret ligger i Sandvika utenfor Oslo.

Contact

Profile picture of Endre Lægreid
Endre Lægreid
Kontorleder Hardanger