Vacancies

Konstruksjonsingeniørar til Hardangerkontoret

Office location
Odda
Application deadline
8/15/2019
Type
Permanent
Type
Adviser

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø.

Kontoret har 28 medarbeidarar, tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, geoteknikk og ingeniørgeologi. Me har stor pågang av nye spanande og tverrfaglege oppdrag i eit stort geografisk område. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med våre nabokontor i Region Vest og hovudkontor i Sandvika, eller med andre Norconsultkontor. Norconsult Hardanger og Voss har kontorlokalitetar i Odda, Eidfjord og på Voss.

Me søkjer etter både erfarne og nyutdanna ingeniørar. Det er ein føresetnad at de er kreative og engasjerte, - og at de har fagleg engasjement og stor arbeidsglede.

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • MSc/BSc Bygningsingeniør/konstruksjoningeniør
  • Interesse for prosjektering og prosjektgjennomføring
  • God evne til både skriftleg og munnleg framstilling
  • Vera open for eit breitt tverrfagleg samarbeid
  • Kompetanse innan digitale verktøy; (Helst Revit/AutoCad, samt dimensjoneringsverktøy)
  • Vera positiv og kreativ med evne til å gjera medarbeidarane rundt deg gode

Hos oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spanande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Aktivt fagnettverk
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm

Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no.

Norconsult er Norges største rådgiverbedrift. Våre tjenester er rettet mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eid av våre over 3 800 medarbeidere som er stasjonert på 96 kontorer i hele verden. Hovedkontoret ligger i Sandvika utenfor Oslo.

Contact

Profile picture of Endre Lægreid
Endre Lægreid
Kontorleder Hardanger